Alfred Bjørlo
Førstekandidat for Venstre i Sogn og Fjordane
Førstekandidat for Venstre i Sogn og Fjordane
Ja
Venstre har inngått i bresjen for innføring av gratis kjernetid for barnefamiliar med låg inntekt både i barnehage og på SFO. Vi har gjennomført ein reform for tidleg innsats i skulen. Framover vil vi satse på å gjere både barnehage og SFO i sin heilskap gratis for familiar med låg inntekt, i tillegg til å satse på breie tilbod innan skule og fritid som stør opp under aktivitet og fellesskap. Vi vil utvide satsingar på fritidskort, tilbod om fritidsaktivitetar og fellesskapsløysingar i skule og barnehage.
Barnetrygda vart justert opp i 2018 og i 2019 for første gang på 20 år. No får barnefamiliane 7200 kroner meir pr barn under 6 år enn dei gjorde før 2018. For Venstre handlar det no om å gi mest til dei som treng det mest. Difor vil vi legge om barnetrygda slik at familiar med låg inntekt får meir enn dei gjer i dag. I tillegg vil vi sikre at barnetrygda vert halden utanfor berekningsgrunnlaget av sosialhjelp og fjerne kommunane sitt høve til å redusere utbetalingane til familiar som mottar barnetrygd.
Ja. Rusreformen er ein svært viktig reform for Venstre. Straff hevar terskelen for at ungdom torer å be om hjelp. Reformen er difor nødvendig både for å hjelpe rusavhengige, men også hindre at fleire unge hamnar ut i større problem. Eg trur på tillit, relasjon og omsorg. Ikkje straff som skadar meir enn det hjelper.
Fleire miljøterapeutar er bra for skulen, men det er viktig at den einskilde kommune og skule har fridom til å organisere dette på ein god måte tilpassa lokale tilhøve. Vi ønskjer difor ikkje å overstyre kommunene på dette eller andre område, men Venstre vil på alle nivå arbeide for å bruke miljøarbeidarar for å betre skulemiljøet.
Venstre har gjennom regjeringa si satsing dei siste åra sørga for at primærhelsetenesta har auka tal stillingar vesentleg, sjølv om trongen framleis er stor. Løyvingane til kommunane har auka med auka oppgåver og ønskje om å prioritere førebygging og hjelp på lågaste nivå i omsorgstrappa. Kompetansen må aukast og det er trong for personell med ulik god og riktig kompetanse. For å få til det videreførast Kompetanseløft 2020 i eit nytt kompetanseløft: Kompetanseløft 2025. Vi vil også legge til rette for meir desentralisert vernepleiarutdanning som gjer det lettare for dei som allereie er i familie og jobb å ta slik utdanning lokalt.
Det skal være høg kvalitet på velferdstenestene våre. Venstre har arbeidd for gjennomgang av kompetansekrav for leiarar og eventuell autorisasjon som eitt av fleire tiltak for å auke kompetansen i barnevernet, og støtta innføring av kompetansekrav.
Vold og truslar er alvorleg uansett kven som blir ramma. Difor er det viktig at Arbeidstilsynet har tilstrekkelege midlar til kontroll og oppfølging. Vi veit at helse- og omsorgsarbeidarar er ei utsett gruppe.I tillegg til å satse på Arbeidtilsynet, må vi legge til rette for å sikre rett og fagleg god kompetanse og tilstrekkelege ressursar i helse- og omsorgstenestene.
Frå 2013 til 2019 har det blitt nærare 1 400 fleire tilsette i det kommunale barnevernet, ein auke på nær 30%. Aldersgrensa for ettervern er heva til 25 år. Det er innført eit lovkrav om årleg rapportering til kommunestyret om tilstanden i barnevernstenesta. Venstre ønskjer å tilby ei masterutdanning for dei som ønskjer å ta videreutdanning. Det må leggast opp til at stat og kommune skal bli kompensert for auka kostnader som følgje av auka kompetansekrav i tenestene.
Venstre vil ha ein tillitsreform der NAV saman med den einskilde finn fram til den hjelpa som passar best, utan at eit rigid regelverk er eit hinder. Eg har tillit til at kommunene og verksemdene best veit korleis dei kan nå måla som er sette. Difor skal dei ha fridom og handlingsrom til å ta i bruk innovative arbeidsmetodar og løyse oppgåvene på den måten som virkar best etter dei lokale forholda.