Fridom og likeverd – frå ord til handling
FO forventar konkrete og effektive tiltak som endrar levekåra til personar med utviklingshemming og sikrar inkludering, deltaking og likeverd. Fine ord er ikkje nok, heiter det i ei uttale frå FO sin 6. kongress.
Uttale frå FO sin 6. kongress mars 2015
Fridom og likeverd – frå ord til handling
FO har store forventningar til at «Rettighetsutvalget» kjem med klare tiltak for å betra levekåra for menneske med utviklingshemming, og sikra måla om inkludering, deltaking, sjålvråderett og likeverd.
Regjeringa sette i desember 2014 ned «Rettighetsutvalget» med eit klart mandat om å utforme tiltak for å betra levekår for menneske med utviklingshemming og nå måla i ansvarsreforma:
«Utvalget bes utrede og fremme forslag til konkrete tiltak for å styrke grunnleggende rettigheter til mennesker med utviklingshemming, slik at nasjonale politiske mål om likestilling og likeverd, selvbestemmelse, deltakelse og integrering innfris. Utvalget bes særlig vurdere tiltak på de områdene som beskrives i stortingsmeldingen: Selvbestemmelse, rettssikkerhet, kvalitet i opplæringen, deltakelse i arbeid samt god helse og omsorg. I tillegg skal utvalget vurdere om mennesker med utviklingshemming får oppfylt retten til privat- og familieliv.»
FO vil berømma Stortinget for dei klare ideologiske signala dei gav for utvalets arbeid. Dei understreka at menneske med utviklingshemning skal ta del i et inkluderande fellesskap på lik linje med alle andre. Fellesskap i barnehage, skule, arbeidsliv, fritid og i nærmiljø er ein viktig del av dette. Tiltak og tenester må forhindre segregering og stigmatisering.
For å nå dette må tiltak, verkemedel og tenester organiserast slik at dei fremmer dette og motverkar segregering og stigmatisering.
Arbeids- og sosialkomiteen viser veg for utvalets arbeid. Gjennom sine merknader viser dei at dei ønsker at intensjonane i reformen skal operasjonaliserast til tiltak og styring. Dei seier blant anna at det gjennom lov eller forskrift må sikrast at skulen har eit klart ansvar for at personer med utviklingshemming vert integrert og får fellesskap med dei andre elevane. Individuell plan (IP) og Individuell Opplæringsplan (IOP) skal innehalde mål og tiltak knytt til dette. Det skal leggast til rette for at elever med utviklingshemming er knytt til ordinære klassar, og i den grad eleven vert teke ut av ordinær klasse bør det leggast til rette for tid saman med elevar utan spesialundervisning.
Dette er ei operasjonaliseringstenking som må leggast til grunn for utvalets arbeid. Også på andre områder gjer komiteen viktige føringar. Dei seier at alle skal ha rett på arbeid eller dagtilbud, at nødvendige utgifter til ledsakarar i forbindelse med deltaking i samfunnsliv, fritidsaktivitetar og ferie må vera ein del av det tilbodet som vert gjeve, og at kompetansen i tenestene må styrkast.
Med bakgrunn i Arbeids- og sosialkomiteens tenking og føringar, vil vi vise til tiltak som vil gjera ein forskjell:
Bustad:
Klare retningslinjer som hindrar store bufellesskap og «ghettofisering», og stimulerer til ulike buformar ut i frå den einskilde sine ynskjer og behov. Ein bør sikre at ein ikkje gje støtte til bustadprosjekt som ligg i omsorgsghettoer eller på andre måtar verkar stigmatiserande og utstøytande.
Gjennom rundskriv og rettleiarar bør ein tydeleggjera politikk ved å visa til FN konvensjonen for personar med funksjonsnedsetting som mellom anna påpeikar at ein har rett til å kunna velja å bu som andre, evt. saman med dei ein vil, ein bør setja grenser for størrelse på bufellesskap, t.d. maks 4-5 personar Dette bør vera styrande for tilskot frå Husbanken, jf. tidlegare tilskot.
Stilla krav til at bustadar skal ligga i vanlege bumiljø og at dei skal vera bygd på ein måte som ikkje skil seg frå anna bebyggelse og ikkje er stigmatiserande.
Sikra at ein har rett til å kunna bu i eit kommunalt butilbod utan at ein er tvungen til å måtta forholda seg til andre bebuarar der.
Sikra at tenester er knytt til den einskilde og ikkje til bufellesskapet. Tydeleggjere at ein har rett til tenester der ein vel å bu, jf. Fusadommen og helse og omsorgstenestelova.
Arbeid:
Dagens ordningar og tiltak fremmer ikkje inkludering av menneske med utviklingshemming i arbeidslivet.
Arbeidsstaden er den mest sentral plassen for inkludering og verdsetjing for vaksne. Likevel er over 94 % av alle vaksne utviklingshemma utelukka frå ordinært arbeidsliv. Arbeidstida utgjer ein stor del av den tida vi er saman med andre. Sosiale nettverk er ofte knytt til folk ein får kontakt med gjennom jobben. Gjennom arbeid yt vi og får verdsetjing. Gjennom dagleg omgang får vi felles opplevingar og referansar.
Tiltaka er oftast i eigne lokale åtskilt frå ordinære bedrifter og med liten samhandling med andre Det er ikkje klare krav til at desse tiltaka skal fremma inkludering eller føra folk vidare til ordinært arbeidsliv. Vekstbedriftene sine innteningskrav stimulerer i staden til å behalda dei arbeidstakarane som produserer mest.
NAV har i liten grad klare føringar og verkemiddel for å arbeide for inkludering av menneske med utviklingshemming. Insitamenta går motsett veg. Ved at personane vert definert som uføretrygda, slepp NAV både utgifter og oppgåver. Viss dei får VTA plass er dei plassert, og viss dei får dagsenterplass er dette kommunens oppgåve og utgift.
Reiskapane NAV disponerer for å inkludere utviklingshemma i arbeidslivet, er dårleg eigna for mange. Tiltaka er i stor grad tidsavgrensa. Men mange treng bistand heile arbeidslivet, og ordningane vert lite nytta for denne gruppa. Varig tilrettelagt arbeid i ordinære bedrifter (VTA-O) er få (ca 200 totalt), og personar med utviklingshemming får sjeldan desse. NAV har heller ikkje eit system for varig bistand og oppfølging i ordinært arbeidsliv.
Ein må difor fjerne praksisen for at utviklingshemming nærast automatisk betyr uføretrygding og omforma tiltaka slik at personar som er uføretrygda også skal inkluderast i arbeidslivet.
Klare krav til vekstbedrifter og dagsentre om inkludering, både rundt den einskilde og drifta si.
Alle personer med utviklingshemming må få rett på eit tilpassa tilbod om arbeid og/eller dagaktivitetstilbod utanfor heimen.
Vurdere ei overføring av ansvaret for dagsenter frå kommunane til NAV, for å sikre ei meir heilskapleg tenking.
NAV må få større grad av tiltak som møter dei med varig bistandsbehov, om dei skal verta ein del av det ordinære arbeidslivet.
Talet på varig tilrettelagte arbeidsplassar, spesielt i ordinært arbeidsliv, må aukast monaleg.
NAV må få eit klart ansvar for inkludering av menneske med utviklingshemming i det ordinære arbeidslivet.
NAV må få kompetanse og tiltaksordningar som fremmer inkludering.
Skule:
FO meiner at alle har rett til utdanning. Difor må lova sine krav om tilrettelagt undervisning få reelt innhald. Fleire vernepleiarar, barnevernspedagogar og sosionomar i skulen kan bidra til tilrettelegging for læring. Personer med utviklingshemming må også ha moglegheit for utdanning etter vidaregåande skole
Gjennom lov, forskrift m.m. må det sikras at skolen har eit klart ansvar for at personer med utviklingshemning vert integrert og får fellesskap med dei andre elevene. Individuell plan (IP) og Individuelle opplæringsplan (IOP) må innehalde mål og tiltak knytt til dette.
Eigne «særskular» bør avviklast.
Elevane skal vera knytt til ordinære klasser.
I vurdering om spesialundervisning utanfor klassen må det innførast krav om at det skal gjerast ei vurdering av kva dette innebere for eleven i forhold til tilhøyrsle, moglegheit for sosiale relasjonar, sosial læring, integrering, stigmatisering og utstøyting. I den grad eleven vert teke ut av ordinær klasse skal det utarbeidast tiltak for å kompensere for slike forhold.
Samfunnsliv, fritid og ferie:
Alle barn og unge skal ha tilbod om meiningsfull fritid i form av aktivitetar som opptek dei. Alle vaksne har rett til å kunne delta i samfunnsliv, på aktivitetar dei sjølv vel og til å kunna reise på ferie. Det må utarbeidast retningsliner som sikrar at kostnader til ledsakar og assistanse vert dekka av det offentlege og må ikkje stå i vegen for eit aktivt og sjølvstendig liv.
Kommunane må få et klart ansvar for inkluderingsarbeid også i fritid. Det bør innførast krav til at dette skal vera ein del av IP.
Gjera ordninga med ledsakarbevis universell, slik at ordninga ivaretek alle brukarar med ledsakarbehov uavhengig av kvar i landet du bur. I tillegg bør det innførast ei ordning med ”første prioritet”, slik at personer som har ledsakarbevis vert prioritert og går framfor andre i køa.
Menneske med utviklingshemning skal ha rett til individuelle tenester. Desse må også sikre moglegheit for individuell deltaking i ordinært samfunns- og fritidsliv.
Det må innførast like ordningar for alle som ikkje kan nytta offentleg transport, og dette må aukast monaleg. I dag har ein t.d. i Oslo rett på 150 reiser i året, mens ein i Hordaland har ein sum som maks tilsvarar 26 reiser årleg eller 13 reiser t/r årleg (200 kr pr. reise). For mange er dette eit direkte til hinder for inkludering og deltaking.
Personar med utviklingshemming må få tilskotsordningar som gjer at dei kan skaffe seg tilpassa bil. I dag er ordningane ekskluderande for mange personar med utviklingshemming.
Tenester:
Ein må sikre at lovverk og rundskriv sikrar rett til å delta i vanleg samfunns- og kulturliv.
Ein må sikre at kommunane har klare nok krav til styring og kvalitetssikring av tenester som vert utført av andre enn kommunen sjølv. Dette gjeld også ordningar som BPA. Tenester som inneber bruk av tvang og makt stiller særlege krav til dette. Krava til kompetanse og fagleg forsvarlege tenester må vera ein del av dette.
Butilbod må ikkje vera ein del av anbod. Det kan ikkje vera slik at tenestemottakarar vert flytta rundt i samband med anbod.
Kompetanse:
Kompetansen i tenestene må styrkes systematisk for å sikra inkludering, gode levekår og førebygga situasjonar som medfører bruk av tvang og makt.
Det må stillast krav om at minst 50 % av dei som yt tenester til personar med utviklingshemming har helse- og sosialfagleg kompetanse på høgskulenivå.
Kompetansen må også sikrast i andre deler av velferdsapparatet, som barnhage, skule og NAV. Vernepleiarar sit med ein særskilt kompetanse i høve personar med utviklingshemming.
Styringssystem:
Ein må sikra at tiltaka vert fylgt av nasjonale styringssystem som sikrar at tiltaka vert gjennomført og at tiltaka kontinuerleg vert evaluert og korrigert i høve måloppnåing.
FO forventar konkrete og effektive tiltak som endrar levekåra til personar med utviklingshemming og sikrar inkludering, deltaking og likeverd. Fine ord er ikkje nok.