Birgit Oline Kjerstad
Førstekandidat for Sosialistisk Venstreparti i Møre og Romsdal
Førstekandidat for Sosialistisk Venstreparti i Møre og Romsdal
SV støtter ein helheitleg gjennomngang av NAV, Vi ynskjer å prioritere, kompetanse, tillit, tid, og tilgjenge i staden for stadige ABE- kutt og nedskjeringar. Medarbeidarane må ha tid til å finne ut kvar skoen trykker, og kunne bruke sin kompetanse i møte med den det gjeld.
Målet må vere at ingen barn og unge skal føle utanforskap. Ein god kommuneøkonomi som gjer det mulig med ei bedre grunnbemanning i skule og barnahage med tid til den einskilde, er difor svært viktig. Ein skule som kan tilrettelegge for læring med mestring både prakstisk, teoretisk og sosialt,må ha lærarar med nok tid til elevane. Gratis SFO med leksehjelp, Kulturskule og aktivitetstilbod for alle uavhengig av størrelsen på lommeboka og uavhengig av der du bor.
Barnetrygda er eit avmange verkty for å redusere forkjellane og kjempe mot fattigdom. Vi vil auke barnetrygda for alle, men samtidig målrette den mot utsette grupper. I vårt alternative budsjett sette vi av 1,2 mrd. kroner for å auke barnetrygda til alle og innføre søskentikllegg.fleirbarnsfamiliar og einslege forsørgarar vil færre born vekse opp i fattigdom.SV vil innføre ei statleg, forpliktande normering av økonomisk sosialhjelp. Det er viktig at barnetrygda vert halden utanfor utrekningsgrunnlaget for at dei med aller misnt i raliteten vert fråtekne barnetrygda.
Eit godt og inkluderande samfunn er det viktigaste for å forebygge rusmisbruk. Dei som får problem med rus treng først og fremst hjelp og ikkje straff for å få bukt med problema. SV meiner det er på tide med eit historisk skifte i norsk ruspolitikk, med avkriminalisering og eit kraftig styrking av behandlingsapparatet til dei som treng det.
SV vil styrke rådgivingstensta og sikre fleire miljøterapeutar, skulehelsesjukepleiarar, og skulepsykolger i skulen.Både elever og lørarar skal kjenne seg trygge og ivaretekne på skulen. Dei som er fagutdanna miljøtereapeutar, oftast vernepåleiarar, sosionomer og barnevernspedagoger, er ein ressurs i møte med elevane og spler ei viktig rolle i det forebyggande arbeidet. For at alle skal ha det bra, bli sett og høyrt og verte motivert for å gjennimflre skulegang, trengst det miljøterapeutar på alle skular. Å forebygge problem er mykje betre og rimelegare ,enn å reparere skader etter problem har oppstått.
Norge har eit stort behov for å utdanne fleire innafor helserelaterte yrker. Høg andel deltidsstillinger og lav andel vernepleiarar i tenester for personer med utviklingshemming, er verken bra for brukarane, familiane eller dei tilsett i tenestene. Det er alvorleg at Norge mangler vernepleiarar til peronar med utviklingshemming. For å auke talet på vernepleiarar og gi alle med utviklingshemming hjelp frå tilsette med god kompetanse, må vi auke studiekapasiteten, gi fleire høve til å ta utdanning i samband med jobben, stille krav om kompetanse og sikre skikkelige lønns og arbeidsvilkår med forutsigbarheit for stillingstørrelse og kontinuitet i ansettelsesforholdet.
Barnevernspedagoger og sosionomer må få autorisasjon på lik linje med helsepersonell. Dette har vore eit krav i over 40 år, og tida er overmoden. SV har fremma framlegg i stortinget om å innføre autorisasjonsordning fordi vi meiner dette vil bidra til auka tillit, kvalitet og profesjonalitet i tenestene.
Tilsette i helse og sosialtenestene er desverre utsette for vold i arbeidssamanheng, og det er fleire kvinner enn menn som opplever dette. Alle har rett til å kjenne seg trygge på arbeidsplassen. Arbeidstilsynet har ei viktig rolle med å fylgje opp desse sakene. I SV sitt alternative budsjett foreslår vi å styrke Arbeidstilsynet med 35 millioner for at etaten skal ha meir ressurser til å fylgje opp arbeidplasser med kontroll og veiledning.
SV meiner vi må få eit bemanningsløft i barnevernet. Gjennom ein fireårig opptrappinsgsplan med øyrekmerka midlar skal vi gi det lokale barnevernet nok folk på jobb, tid til fagleg refleksjon, videreutdanning og fagleg handlingsrom. I våret alternative budsjett for 2021 starter vi satsinga med 235 mill kroner til 250 nye stillinger. SV vil også ha ei veiledande bemanningsnorm , der sakshandsamarar i barnevernet ikkje skal ha ansvar for fleire enn 15 born.
SV meiner det må bli slutt på at offentleg sektor vert styrt etter reine marknadssprinsipp. SV går difor i bresjen for at ei brei tillitsreform der innbyggarar, tilsette og folkevalde går saman for å skape bedre velferd. Fagleg skjønn må vere styrande, ikkje detalj og målstyring ovanifrå. Tilsette må ha skikkelige lønns og arbeidsvilkår, tid og tillit til å gjere jobben sin, ikkje meir skjemavelde og kontroll og kutt i bemanninga. Velferdsstaten må bygge på felleskap, solidaritet, sosial rettferd og tillit. Nær mennesket fungerer det dårleg med rigid standardisering og tellekant. I nnbyggarane sine behov må vere avgjerande for velferdstenestene, ikkje standarsdisering og stykkprisfinansiering. Tillitsreformen vi vil gjennomføre gjeld alle nivå i velferdsstaten, lokalt og nasjonalt.