Hege Lothe
Førstekandidat for Sosialistisk Venstreparti i Sogn og Fjordane
Førstekandidat for Sosialistisk Venstreparti i Sogn og Fjordane
SV støttar ein heilskapleg gjennomgang. Framfor stadige nedskjeringar, vil SV sikre at NAV har nødvendige ressursar for å sikre tillit og kompetanse.
For å sikre inkludering av barn og unge i samfunnet er det viktig å ha gode barnehagar og skular med nok tilsette som ser kvart enkelt born, gratis SFO for alle, kulturtilbod og fritidsaktivitetar som er mogleg for alle å delta på uavhenging av inntekt til familien. Dessutan treng vi god helsehjelp og oppfølging rundt borna, og det er nødvendig å få inntektsvekst hjå fattige familiar.
SV vil styrke barnetrygda for å redusere forskjellane og bekjempe fattigdom. Ved å auke barnetrygda for alle, men samtidig målrette auken inn mot fleirbarnfamiliane og familiar med einslege forsørgarar, vil barnetrygda kunne gje ei konkret hjelp til born som veks opp i fattigdom. I det alternative statsbudsjettet frå SV er det sett av 1,2 milliardar kroner for å auke barnetrygda for alle og innføre syskentillegg. Dessutan vil SV innføre ei statleg pliktig normering av økonomisk sosialhjelp, der barnetrygda vert halde utanfor berekningsgrunnlaget.
SV meiner det er på tide med eit historisk skifte i norsk ruspolitikk, avkriminalisering av ulovlege rusmidlar og eit kraftig styrking av behandlingsapparatet for dei som får rusproblem. Det vil gje god hjelp til å førebyggje og hjelpe dei som treng det.
SV vil styrke rådgjevingstenesta og sikre fleire miljøterapeutar, skulehelsesjukepleiarar og skulepsykologar i skulen. Både elevar og lærarar skal kjenne seg trygge og ivaretekne på skulen. For at alle skal ha det bra, bli sett og høyrt og få eit betre grunnlag for å gjennomføre skulen, treng vi miljøterapeutar på alle skular. Vi har ikkje programfesta at vi skal arbeide for lovfesting av miljøterapeutar i skulen.
Noreg treng fleire utdanna innanfor helseyrka. Ein høg del av deltidsstillingane og låg del av vernepleiarane i tenesta for personar med utviklingshemming er verken bra for brukarane eller dei tilsette i tenesta. For å få fleire vernepleiarar må vi auke studiekapasiteten, gje fleire sjansen til å ta utdanning gjennom jobben, stille krav til kompetanse og sikre skikkeleg løns- og arbeidsvilkår.
Barnevernspedagogar og sosionomar må få autorisasjon på lik linje med helsepersonell. Dette har vore eit krav i 40 år. SV har fremja framlegg til Stortinget om å sikre ei innføring av autorisasjonsordning fordi vi meiner dette vil auke i tillit, kvalitet og profesjonalitet i tenesta.
Alle tilsette har rett til å oppleve at det trygt på arbeidsplassen. I det alternative budsjettet til SV gjer vi framlegg om å styrke Arbeidstilsynet med 35 mill kroner for å mellom anna auke tilsyn og sikre god nok kontroll og oppfølging av arbeidsplassar. Det er særleg dei tilsette i helse- og sosialtenestene som vert utsett for mest vald, og det er kvinner som vert råka mest.
SV vil ha ein fireårig opptrappingsplan med øyremerka midlar for sikre nok folk på jobb og tid til fagleg handlingsrom og vidareutdanning. I det alternative budsjettet for 2021 vart det sett av 253 mill kroner til 250 nye stillingar. SV vil også ha ein vegledande bemanningsnorm, der sakshandsamarane i det kommunale barnevernet ikkje skal ha ansvar for fleire enn 15 born.
SV vil ha ei tillitsreform i offentleg sektor. Eit utvida partssamarbeid som metode er sentralt for å få til ein tillitsreform. Det må bli slutt på at offentleg sektor vert styrt etter marknadsprinsipp. Velferdsstaten må byggjast vidare på fellesskap, solidaritet, sosial rettferd og tillit.