Ingrid Fiskaa
Førstekandidat for Sosialistisk Venstreparti i Rogaland
Førstekandidat for Sosialistisk Venstreparti i Rogaland
Ja. Nav-tilsette må få større rom til å utøva profesjonelt skjønn, og rigide kontrollsystem må erstattast med tillitsbasert styring.
Dei universelle velferdsordningane må styrkast. Me treng gode barnehagar og skular med nok lærarar og andre tilsette, slik at alle barn blir sett. Fritidsaktivitetar må vera gratis eller billege og tilgjengelege for alle. Auka inntekt for foreldre med låg inntekt, anten det er sosialhjelp, andre velferdsytingar eller låg lønn.
SV vil auka barnetrygda for alle, og samtidig auka tillegga for fleirbarnsfamiliar og familiar med einslege forsørgarar. SV vil også at barnetrygda ikkje skal reknast som del av inntekta til dei som mottar sosialhjelp, fordi det fører til at dei familiane med lågast inntekt blir fråtatt barnetrygda. SV har føreslått dette i mange kommunar. På Stortinget vil me innføra ei statleg normering av sosialhjelpa slik at alle familiar får barnetrygd.
Eg støttar ein rusreform der straff blir erstatta med hjelp og den sosialfaglege oppfølginga blir styrka. Samfunnet må bruka større ressursar på førebygging, oppfølging og hjelp til dei som har rusproblem eller som står i fare for å få det. SV vil ha ei kraftig styrking av behandlingstilbodet for menneske med rusproblem.
Det trengst miljøterapeutar på alle skular. SV vil ha fleire yrkesgrupper inn i skulen, herunder fleire miljøterapeutar, skulehelsesjukepleiarar og skulepsykologar.
For å få fleire vernepleiarar må me auka studiekapasiteten, gi fleire moglegheit til å ta utdanning gjennom jobben, stilla krav om kompetanse og sikra skikkelege lønns- og arbeidsvilkår.
SV vil ha ei autorisasjonsordning for barnevernspedagogar og sosionomar på lik linje med helsepersonell. SV har fremma forslag om dette i Stortinget fordi me meiner at det vil bidra til auka tillit og kvalitet i tenestene
Alle har rett til å vera trygge på jobb. SV føreslår å styrka Arbeidstilsynet, mellom anna for å auka tilsyn og sikra god nok kontroll og oppfølging av arbeidsplassar.
SV vil ha ein opptrappingsplan for å auka bemanninga i det kommunale barnevernet. Me vil ha ei rettleiande bemanningsnorm som sikrar at saksbehandlarar ikkje har ansvar for fleire enn 15 barn.
Marknadsstyringa og dei rigide kontrollsystema i offentleg sektor må bli erstatta med tid, tillit og nok folk på jobb. Tilsette må få handlingsrom til å utøva profesjonelt skjønn, og alle innbyggarar skal bli møtt med respekt av velferdsstaten. Då må skjemaveldet og anbodsregimet vekk.