Erling Sande
Førstekandidat for Senterpartiet i Sogn og Fjordane
Førstekandidat for Senterpartiet i Sogn og Fjordane
Ja, Senterpartiet ønskjer ein heilskapleg gjennomgang av NAV. Det har utvikla seg stor avstand mellom kva som var formålet med NAV-reforma, og kva som har blitt praksisen.
Senterpartiet prioriterer 3 grep:
Førstelinja i NAV må styrkes. Brukarane må få møte kvalifiserte fagfolk som har avgjerdsmynde. Ei slik styrking av dei lokale Nav kontora, betyr at fagfolk må overførast frå forvaltningseininga til Nav si førstelinje. Førstelinja må også styrkast med erfarne folk som får løns- og karriere moglegheiter i tråd med det krevjande ansvaret. Senterpartiet foreslo i budsjettet for 2021 å omprioritere 300 millionar kroner for å styrke førstelinja i Nav.
Alle born lever i ein familie, stor eller liten. Familien sin tryggleik for arbeidsinntekt og/eller pensjonar/sosiale ytingar er avgjerande for at born og unge skal ha det trygt. I tillegg er bustad og gode bustadforhold avgjerande for sosial tryggleik. Senterpartiet vil arbeide for:
Styrking av familiekontora og betring av ordninga med heimeassistent for familiar med behov, er viktige førebyggjande lavterskeltiltak.
Senterpartiet meiner at alle born har rett til en trygg oppvekst og en god barndom. Vi vil utjamne sosiale ulikskapar og sikre gode oppvekstmiljø både i bygd og by. Vi ønskjer derfor å styrke tiltak mot barnefattigdom. Senterpartiet vil prisjustere barnetrygda og sikre at den framleis er ei universell ordning utan behovsprøving eller beskatning. I vårt alternative statsbudsjett føreslo vi å bl.a. gjeninnføre Finnmarks- og Svalbardtillegget i barnetrygda med 3840 kroner
Senterpartiet vil ikkje støtte rusreformutvalget og regjeringa sitt forslag til rusreform. Senterpartiet vil ha ein differensiert modell, der rusavhengige skal møtast med hjelp, ikkje straff, men der ein ikkje går inn for ei generell avkriminalisering av narkotika. Vi meiner at regjeringa sitt framlegg til rusreform går på bekostning av det førebyggjande arbeidet blant born og unge, noko vi ikkje kan akseptere. Vi trur ikkje at eit møte hos ein rådgjevande eining på kommunen sitt rådhus, er nok til å få unge vekk frå ein uheldig praksis der ein har starta å eksperimentere med narkotika. I dag kan til dømes unge inngå i konfliktrådet sitt ruskontraktsprosjekt som gjev langt betre og meir omfattande oppfølging hos hjelpeapparatet enn regjeringa sitt forslag om ei samtale hos kommunen.
Det er eit mål for Senterpartiet at narkotikabruken i Norge skal reduserast, ikkje auke. Regjeringa føreset at avkriminalisering ikkje skal auke narkotikabruken, men dette er svak vitskapleg dokumentasjon for. Folkehelseinstituttet er mellom høyringsinstansane som seier at ein ikkje kan utelukke ei auke i narkotikabruken med regjeringa sitt forslag. Rusreforma inneheld ingen forslag til auka helsehjelp for rusavhengige verken i kommunar eller i helseføretak. Det er eit stort paradoks at ei rusreform som har overskrifta frå straff til hjelp, ikkje handlar om auka hjelp og behandling.
Senterpartiet har alternative framlegg til regjeringa si rusreform: Dok. 8: 111S (2020-2021) om at rusavhengige ikkje skal straffeforfølgjast, samt Dok. 8: 119S (2020-2021) om ei førebyggings- og behandlingsreform innan rusfeltet.
Senterpartiet meiner det er eit stort behov for eit større tverrfaglig lag rundt eleven, blant anna med miljøterapeuter, helsesjukepleiarar og andre yrkesgrupper som kan støtte elvane med utfordringar som ikkje er av direkte faglig karakter, men som påvirkar både læring, motivasjon og livskvalitet. Ein føresetnad for å få til dette, er å gje kommunane tilstrekkeleg økonomisk evne og -fridom til å tilsette miljøterapeuter i skolen.
Det er i dag stor mangel på vernepleiarar, og ei utfordring med at om lag éin av 3 er ufaglærte i tenester til personer med utviklingshemming, og at berre èin av 10 som arbeider med funksjonshemma er vernepleiarar. 70 prosent arbeider deltid. Senterpartiet vil jobbe for å auke utdanningskapasiteten av vernepleiarar, slik at den blir i meir i tråd med behovet, opp mot 100 nye plassar i året. Det må òg bli lagt godt til rette for desentraliserte utdanningar. Senterpartiet vil styrkje kommuneøkonomien for å sikre en forsvarlig grunnbemanning. Vi vil støtte lokale prosjekt som legg til rette for auka grunnbemanning, mindre vikarbruk og auka heiltidskultur i tenestene. Vi vil intensivere arbeidet for å sikre at alle med vernepleieutdanning får høve til å bruke utdanninga sin på en god måte, i heile faste stillingar. Koronapandemien har vist oss at det er minst sårbart om ein slepp å måtte arbeide på fleire tenestestader for å få full stilling.
Senterpartiet stemte for ei profesjonsspesifikk autorisasjonsordning for barnevernspedagoger og sosionomer då det vart fremma forslag om dette i 2019.
Ei slik ordning vil kunne bidra til auka tillit, kvalitet og profesjonalitet i tenestene og gje auka rettstryggleik for borna og foreldra deira. Ved innføring av ei autorisasjonsordning for sosionomer og barnevernspedagogar kan samfunnet unnlate å gje, og fråta, autorisasjon. Disse verkemidlane bør sikrast uavhengig av kva lov autorisasjonsordninga vert forankra i. Det viktigaste er at autorisasjonen gjeld uavhengig av kva sektor yrkesutøvarane er tilsette i
Senterpartiet vil styrke Arbeidstilsynet ved å vri ressursar fra byråkrati og meir over på tilsynsaktivitet. Tilsynsaktiviteten er ein av primæraktivitetene til Arbeidstilsynet. I vårt alternative statsbudsjett føreslo vi å gje Arbeidstilsynet 50 mill. kroner ekstra til auka tilsyn ute på arbeidsplassane. Vårt forslag ville gje Arbeidstilsynet rundt 50 ekstra inspektører
Senterpartiet vil styrke fellesskapsløysingane. Vi vil at ansvar og drift av viktige velferdstenester framleis skal ligge hos kommunar og fylkeskommunar. Senterpartiet vil òg arbeide for å avvikle bruken av konkurranseutsetting og anbod i barnevernssektoren, samt styrke den kommunale barnevernstenesta og trappe ned bruken av dei kommersielle barnevernstenestene. I vårt alternative budsjett foreslo vi å auke midlane til det kommunale barnevernet med 230 mill. kroner, for å styrke og auke bemanninga
Senterpartiet meiner det er behov for ei tillitsreform i offentleg sektor. Det har i dei siste tjue åra vakse fram ein styrings- og leiingskultur i offentleg sektor som byggjer på ei altfor snever målstyring, der etatar vert styrt etter eit stort apparat av enkle, kvantitative mål, utan ei heilskapleg tilnærming til kva behovet i tenesta faktisk er. I praksis har målstyringa like gjerne blitt eit hinder for at gode og kvalifiserte avgjersler blir tatt av dei som kjenner området best, og eit hinder for at etatar kan lære av erfaringar og utvikle betre tenester.
Lokale tillitsreformer må utformast lokalt, gjennom dialog med politikarar, administrasjon og tilsette. Senterpartiet meiner at nøkkelen til meir tillitsbaserte løysingar i kommunal sektor ligg i erfaringane frå det lokale trepartssamarbeidet. Vi kan ikkje vedta tillit. Arbeidet må prioriterast, systematiserast og organiserast slik at samarbeid og tillitsbaserte relasjonar blir en sentral del av kulturen i kommunen.
Vi har fremma eit eige representantforslag om tillitsreform i skulen: https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Representantforslag/2017-2018/dok8-201718-194s/