Margit Fausko
Førstekandidat for MDG i Buskerud.
Førstekandidat for MDG i Buskerud.
MDG meiner det vil vere positivt med ein heilskapleg gjennomgong av styringsform, organisering, arbeidsmåter og kompetanse i NAV. NAV har vorte meir byråkratisert og meir fokusert på å kutte kostnadar dei siste åra. Me har også sett at det har vorte gjort alvorlege feil. I behandlinga av Granskingsutvalgets rapport om EØS-saken, NOU 2020:9 stemte MDG som einaste parti utanom Rødt for å oppnemne ein granskningskommisjon for å belyse ansvarsforholda ytterligare.
Utanforskap er ekstremt samansett, drivarane går på tvers av mange politikkområde og kan variere veldig frå lokalsamfunn til lokalsamfunn. Grunnleggjande vil me i MDG jobbe mot ulikskap i samfunnet, for mangfald og aktiv involvering av utsette grupper, og for at barn og unge skal kjenne meistring og utvikle evner til dialog og sosial omgang i barnehage og skule.
Me vil redusere barnehage- og SFO-prisar for låginntektsfamiliar og styrke områdesatsingane mot utanforskap. Bustadpolitikken må endrast slik at fleire har ein godt plass å bu, og samferdselspolitikken må sikre god mobilitet for dei unge som ikkje har bil - slik at barn av både bønder og servitørar kan kome seg til fritidsaktivitetar med rimeleg buss eller tryggje sykkelvegar. Me ynskjer ei sterk auke av den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom, som mellom anna gir fleire tilgong til ferie og fritidsaktivitetar. I tillegg vi me tredoble støtta til utsatte bymiljø med store levekårsutfordringar, og vidare leggjer opp til at kommunane skal kunne nytte aukte frie middel til å styrke arbeidet mot barnefattigdom. Me ynsker også å leggje til rette for jobbar og tiltaksordningar for unge som har falt ut av opplæringsløpet, og moglegheit for praksisbrev etter tre år i jobb. Ungdom som har falt ut av opplæringsløpet, men som ynskjer seg tilbake, må få det enklare å komme inn att. Dette var nokre konkrete døme, men me ser utanforskap vidare i samanheng med forebyggande psykisk og fysisk helsearbeid, integrering og tilrettelegging for fleirkulturelle og multireligiøse samfunn, skeiv politikk med meir.
MDG ynskjer ei opptrapping av barnetrygda. I vårt alternative statsbudsjett for 2021 foreslo me å bevilge 1,4 mrd meir enn regjeringen til barnetrygd.
Rusmisbruk er ein svært kompleks samfunnsutfordring, men straffelinja er eit feilskjær både etisk og kunnskapsmessig. For oss er det openbart at straff må erstattast av hjelp, MDG har lenge kjempa for ein human ruspolitikk basert på avkriminalisering. Me går også no inn for regulert omsetting av cannabis. Hensikta er særleg å ta knekken på kriminelle rusmiljø, som ofte startar med å selge relativt uskyldig cannabis, før dei pushar tyngre stoff på dei sårbare menneska dei oppretter kontakt med. Ein annan hensikt er moglegheita for å sikre av at hasjen som er i omløp er rein og ikkje har blitt iblanda farlege stoffar.
MDG jobbar for å styrke miljøterapautar si rolle og auke talet miljøterapeutar i skulen, som kan bidra til eit bedre skulemiljø, motverke mobbing ol., men me har ikkje vedtatt konkret lovfesting av krav.
Me vil styrke rettane til menneske med funksjonsvarians og sørgje for at dei får oppfylt behovet om kvalifisert støtte og hjelp både i jobb og fritid. Me går dessutan inn for å styrke rekrutteringa til slike stillinger gjennom auka satsing på desentralisert utdanning, for å gjere det lettare å få naudsynt kompetanse i fleire delar av landet.
Eit tiltak som me veit har fungert er øyremerka middel til kompetanseutvikling kombinert med skjerpa krav til relevant, høgare utdanning i tenester til folk med utviklingshemming. Ved å kravfeste at ein bestemd del av dei tilsette har relevant, høgare utdanning innan ei viss tid, og kombinere det med ei støtteordning for kompetanseutvikling, vil kommunane kunne vidareutdanne personell som allereie jobbar i tenestene. Det vil vera eit effektivt tiltak for å behalde personell samsundes som kommunane og brukarane får eit godt og naudsynt kompetanselyftet.
MDG vil stille krav om barnevernsfagleg eller annan relevant utdanning til kommunalt tilsette i barnevernet med leiarfunksjonar, utrediingsoppgåver og vedtaksmyndigheit.
Me vil også lovfeste krav til bemanning og kompetanse i barneverninstitusjonar og institusjonanes plikt til fagleg vegleiing og opplæring i barnevernlova.
Ja, og me vil på generell basis styrke innsatsen mot trakassering, truslar og vald i arbeidslivet. I vårt alternative statsbudsjett har me auka bevilgingane til Arbeidstilsynet.
MDG sett førebygging høgt i all politikk, og vil styrke barneverntenesta, som ein av våre viktigaste kommunale verksemder. Kor ein bur skal ikkje ha noko å seie når ein treng hjelp eller vegleiing. Me går mellom anna inn for å innføre ein vegleiande bemanningsnorm i den kommunale barneverntenesta, i samråd med aktuelle fagorganisasjonar, tillitsvalgde og KS, og vil øyremerke middel til fleire stillingar, til bemanningsnormen er nådd i ein opptrappingsplan på 4 år. Me vil også sørgje for at aktuelle hjelpeinstansar og tiltak som NAV, støttekontakt, hjemmehjelp o.l. er raskt tilgjengelig og utan unødig bruk av byråkrati, forsterke samhandlingen mellom skolehelsetjenesten, barnevernet, psykisk helsevern og fastlegene, og leggje til rette for tverrkommunalt samarbeid i mindre kommuner, slik at tilsette har støtte i et større fagmiljø.
Bemanningsnormen bør inkludere meir enn talet saker, og leggje til grunn tal for f.eks folkehelse, barn/unge, fattigdom og sosioøkonomiske forhold. Bemanningsnormane bør basere seg på heilskaplege analyser slik at barneverntjenestene kan jobbe med å handtere saker, men også jobbe preventivt og oppsøkande.
MDG vil gjennomføre ein tillitsreform i offentlig sektor. Me vil fjerne New Public Management som styringsprinsipp, vidareføre trepartssamarbeidet som grunnlag for utvikling av offentlig sektor, avgrense kommersialisering, konkurranseutsetting og oppsplitting av offentlege tenester og investere i utvikling av eigne tilsette og leiarar framfor innleigde konsulentar. Dei siste åra har regjeringa kvart år foretatt sokalla ABE-kutt (Avbyråkratisering og effektivisering), som i realiten er kutt i tilbodet som verksemdene sjølv må finne ut av korleis dei skal ta. MDG går i mot ABE-kutt. På generell basis vil me utvise større tillit til arbeidstakarar i offentleg sektor gjennom å redusere kontroll- og målekrav som framstår som unødvendige, og gje dei betre tid til å drive med det jobben handlar om - anten det er i skuleverket, på trygdekontoret eller i helsevesenet.