Tore Storehaug
Førstekandidat for Krf i Sogn og Fjordane
Førstekandidat for Krf i Sogn og Fjordane
Eit av hovudmåla i NAV-reforma var at alle med behov for ei eller annan offentleg ordning fekk ein stad å henvende seg. KrF ser behovet for justeringar og forbetringar av NAV
Dette er ei av dei aller viktigaste sakene vi står ovanfor. Når KrF har påverka budsjetta sidan 2013 har vi prioritert ein auke i barnetrygda som vi veit betyr mest for dei familiane som har minst og vi har heva eingangsstønaden (til dei som ikkje har rett på permisjon) frå drygt 30 til 80 000 kroner. Vidare har vi senka foreldrebetalinga for låginntekstsfamiliar i både SFO og barnehage. For å hindre utanforskap er det viktig å sikre at alle kan delta på fellesaktivitetar, derfor rullar vi ut fritidskortet som skal sikre at alle kan delta på minst ein fritidsaktivitet. Der vil staten dekke 2500 kr og kommunane kan legge på meir.
KrF har løfta barnetrygda med 3600 kr to gangar for dei mellom 0 og 6 år og med 1000 kr for alle. No vil vi at barnetrygda skal løftast til 2000 kr per månad for dei mellom 0 og 6 år og 1500 per månad for dei mellom 6 og 18.Barnetrygd skal ikkje reknast i grunnlaget for berekning av ytingar etter lov om sosiale tjenester og lov om bustøtte.
KrF står på Granavollen og vil stemme for formuleringane som ligg der. Partiet sitt primærstandpunkt er at vi er mot avkriminalisering av narkotika fordi det kan senke terskelen for at unge eksprimenterer med narkotika.
Eg ser behovet for fleire yrkesgrupper inn i skulen, men eg trur ikkje ei lovfesting er vegen å gå.
Når vi fekk på plass ei likeverdsreform var det for å kunne legge betre til rette for at vi som storsamfunn tar betre vare på dei med nedsett funksjonsevne og familiane deira. Ein del av dette er sjølvsagt at tilsette i tenestene har relevant høgare utdanning, derfor må vi satse på tilsette si kompetanse og auke innsatsen for å behalde og rekruttere kvalifisere tilsette.
Eg trur ikkje autoriasasjonsordning er den beste vegen å gå.
Jepp..
Frå 2013 til 2019 har det vore ein stor vekst i stillingar og det er blitt 1 400 fleire årsverk i det kommunale barnevernet. Det er bra men vi må styrke vidare, KrF vil følgje situasjonen og legge til rette for at vi kan ha ei positiv utvikling vidare.
KrF ønskjer å gjennomføre ein tillitsreform i helse- og omsorgstjenestene, der målstyring og rapportering blir avgrensa.