Korona: Ny avtale mellom dei sentrale partane i staten om overtid m.m.
Dei sentrale partane i staten inngikk den 24. april ei ny avtale om utvida bruk av overtid m.m. i verksemder med kritiske samfunnsfunksjonar. Avtalen er i stor grad ei vidareføring av avtalen frå 16. mars.
Her er dei viktigaste punkta
- Arbeidsgivarane og tillitsvalte i staten blir oppfordra til å finne gode løysingar lokalt, som gjer det muleg for verksemdene å utføre sitt samfunnsoppdrag og ta vare på dei tilsette sine behov for vern. For å medverke til fleksibilitet, har dei sentrale partane blitt einige om følgjande:
- Kviletida blir redusert frå 11 til 8 timar i verksemder som har kritiske samfunnsfunksjonar. Arbeidstakarane skal sikrast kompenserande kvile, eller anna passande vern. Rammene for overtid i dei same verksemdene har også blitt utvida. Før utvida bruk av overtid og redusert kviletid skal takast i bruk, skal dette drøftast med tillitsvalte i verksemda. Nytt i avtalen av 24. april er at referat frå desse drøftingsmøta skal sendast inn til dei sentrale partane ved KMD. All overtid som går utover arbeidsgivars styringsrett er frivillig
- Reglane om kjernetid blir sett ut av kraft, mellom anna for å gjere det lettare å løyse arbeidsoppgåvene, og kunne ha tilsyn med born som ikkje har tilbod om skule eller barnehage.
- Den nye avtalen gjeld fram til og med 31. mai. Punktet om kjernetid gjeld til og med 15. september 2020.
Tilleggsprotokoll om fleksibel arbeidstid i staten
Dei sentrale partane i staten har suspendert grensene for avrekningsperioden for fleksitimar, i første omgang fram til 31. august 2020. Det betyr at verksemder som har planlagt avrekningstidspunkt dei neste månadane kan utsetje dette, slik at ingen mistar opparbeidd fleksitid. Dei lokale partane blir oppfordra til å finne gode løysingar slik at tilsette får kompensert for arbeidd tid, samstundes som verksemdene sine behov blir ivaretatt.
LES MEIR: Sjå avtalen for meir detaljert informasjon. (PDF, 538KB)
SJÅ ÒG: Tilleggsprotokoll til fleksitidsavtalen - avregningsperioden (PDF, 259KB)