Torbjørn Vereide
Førstekandidat for Arbeiderpartiet i Sogn og Fjordane
Førstekandidat for Arbeiderpartiet i Sogn og Fjordane
Ja! Det er både fornuftig og etterlengta med ein gjennomgang i NAV. Både for tilsette og for brukarar. Her er eit framlegg som har blitt utarbeida i samarbeid med fagforeiningane i Nav. Den understreka behovet for ei effektiv organisering basert på tillit, kompetanse og lokal forankring. Kjekt om de vil lese!
https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Saker/Sak/?p=83655
For barna er kanskje det viktigaste å motverke aukande forskjellar, fråfall og utanforskap så tidleg som mogleg i oppveksten. Dei fleste erfaringane viser at tidleg innsats er heilt avgjerande. Når det kjem til ungdom og arbeid er det viktig at vi held fram med ein samordna innsats frå utdanningssystemet, Nav og helsevesenet. Her er det viktig med tett oppfølging for dei enkelte slik at dei får ein veg tilbake til kvardagen og arbeidskvardagen. Noko som eg er særskild stolt av, er at vi har programfesta ein garanti som skal sikre at alle under 30 år er i jobb, under utdanning eller i ein kompetansegivande opplæring innan to månadar. Det meiner eg vil kunne føre mykje godt med seg når vi setter av ressursane til å gjennomføre det i praksis. Ikkje berre som eit prosjekt, men som ein standard.
Her vil vi oppretthalde dagens nivå på barnetrygda. Samtidig er vi som kjent oppteken av å stryke det universelle velferdstilbodet for barn og unge, og på den måten bygge sterkare fellesskap på tvers av skillelinjer i samfunnet.
Her opplev eg at Arbeidarpartiet sitt landsmøtevedtak i stor grad er i tråd med det som FO har teke ordet for i rusdebatten. Det er eit klart behov for reform, Men vi kan ikkje gå ifrå straff til ingenting. Det må vere ei tilbod i den andre enden for alle dei som treng det.
Førebygging er viktig. Men vi må også gjere meir for å hjelpe ungdom ut av rus. Difor er eg glad for at vi no tek til orde for at ungdom som gjer sitt første lovbrot, blir tilbydd tverrfagleg oppfølging av helsetenestene. I tillegg sikrar vedtaket vårt at ungdommane våre ikkje lenger skal bli sittande igjen med rusrelaterte saker på rullebladet for resten av livet.
Ein annan ting som eg også er glad for, er at vi gjer det klart at alle som vender seg til helsepersonell eller som tilkallar hjelp ved ulykker, skal vere trygge på at dei ikkje blir møtt med straffereaksjonar. Dette er ufatteleg viktig. Når krisa rammar, så skal det vere trygt å søke hjelp.
Samstundes er det òg viktig at vi får eit integrert ettervern som sikrar at behandlingsinstitusjonar følgjer opp rusavhengige etter at dei er ferdige med døgnbehandling, og sørgjer for at dei får hjelp til å kome tilbake til ordinært arbeidsliv, utdanning eller anna aktivitet. Samstundes er det avgjerande å gi eit butilbod som har avstand til rusmiljøa.
Lovfesting har framleis ikkje blitt tatt stilling til. Men eg er rimeleg stolt av eg i samarbeid med 2. kandidat og FO-tillitsvald Marie-Helene Hollevik Brandsdal har fremja det som forslag og spelt det inn. Så er vi glad for at vi har fått inn i programmet at vi vil legge betre til rette for at kommunane skal kunne tilsette fleire miljøarbeidarar og miljøterapeutar på skulane for å styrke læringsmiljøet. I vårt budsjettalternativ for 2021 føreslo vi å finansiere 100 nye miljøarbeidarar på skular med særskild læringsmiljøutfordringar. Vi treng eit sterkt lag rundt elevane.
Her må det utdannast fleire vernepleiarar for å dekke det aukande behovet i kommunane. I behandlinga av statsbudsjettet for 2021 føreslo vi å opprette 3000 nye studieplassar, spesielt med fokus på helseyrka. Vi foreslo og konkret 100 nye studieplassar på bachelornivå i vernepleie i år. Det vil vi trappe opp i åra som kjem.
Her vil vi i Arbeidarpartiet sikre fleire karriereløp for barnevernspedagogar, sosionomar og andre tilsette fleire stipendiatstillingar innan sosialt arbeid og barnevernsutdanning. Det må leggast betre til rette for at tilsette som har behov for det får gjennomført naudsynt kompetanseheving.
Heilt klart. Det har vi argumentert og fighta for lenge. Det er eit klart behov for auka ressursar til Arbeidstilsynet og ein kraftigare innsats mot trakassering i arbeidslivet.
Arbeidarpartiet vil ha alle delar av barnevernstenestene i offentleg eller ideell regi, og utarbeide ein opptrappingsplan for å oppnå dette. Vi vil og gjennomføre ei tillitsreform i barnevernstenesta, sikre den tilstrekkelege kompetansen og nok tilsette. Vi har årleg foreslått 200 millionar i auka bevillingar for å sikre fleire stillingar i det kommunale barnevernet.
Her er det viktig at vi samarbeida tett med brukarorganisasjonane, tillitsvalde og leiing i alle store offentlege verksemder slik at vi kan finne ut kva som er nødvendig og unødvendig av dei byråkratiske kontrollregima. Det viktige er at vi får sikra ei styring av sektoren som er basert på tillit, openheit og samarbeid.